Romjulscup

 

Velkommen til Romjulscup Tirsdag 28.12.2010.

Spelarar frå Førde, Dale og Florø har no meldt seg på, totalt 38 lag.! Nokre påmeldingar kom seint, men kampoppsettet er straks klart og vil bli lagt ut på denne sida i løpet av dagen. Vi  er heldige å få lokale dommarar og dommarar frå Førde til å stille og kan difor gje alle påmeldte lag tilbod om å spele handball. Dette setter vi stor pris på!

Kampane i Florahallen starter 0945 – 1430.  Dei som speler her er J/G 99/00 og J/G 97/98 gruppe Florø/Førde. Kampane på Florø idrettsenter starter kl 0930 – 2100. Nøyaktige kamptider står på kampoppsettet (kampliste) som ligg på hovudsida til Florø sportsklubb.

Det vert kiosksalg i begge hallane.

I nokre klasser vert det puljer med miks gute – og jentelag. Kampane vert på 13 min og alle lag får spele 3 – 5 kampar. Herrene speler 2 kamper à 2 x 13 min.

Ved oppmøte tek de med liste over spelarar og kr 50,- pr spelar betalast før kampstart, i sekreteriatet (merka i hallane)

Vi følger reglement for Norges handballforbund, men speler ikkje med timeout.

Heimelag på kamprapporten stiller med kampball - og starter til venstre for sekreteriatet. På grunn av korte pauser mellom kampane ber vi alle vere klar i god tid før kampstart.

Vi oppfordrar alle til Fair Play og håper på gode haldningar til dommarar, og spelarar på og utanfor bana.

Vi gler oss til handball i romjula, ønsker alle ei riktig God Jul og vel møtt i Florø 28 desember!

Helsing FSK handball

Kontaktperson:  Marie Solheim mob 47 75 81 67