- Styremøter 2011
REF MØTE FLORØ SK 31/1-11
- 1. Status 2011
Senior:
- 3 senior herrelag (3. div, 5. div og 6. div)
- Damelag i 3. div
Aldersbestemt:
- Gutt: Minst 2 lag
- Smågutt: Minst 2 lag
Minilaga og Lillegutt 11 og 12.
Jenter:
Skal stille småjentelag i j12
- 2. Jenterekruttering:
Hovedutfordring for Florø SK er rekruttering (og å beholde) jenter i miniklassene. SFFK er KLARE på at her har klubben gjort eit FOR dårleg markedsføringsarbeid mot unger/foreldre i fleire år. Difor er aldersklassene på jentesida mangelfulle i forhold til å stille lag.
SFFK utfordrar FSK til å legge ein ny strategi på jenterekruttering i byen. Det er noko av den viktigaste jobben FSK kan gjere på rekrutteringssida i klubben. Dette MÅ klubben ta på alvor og legge ein strategi på.
Dersom FSK ønskjer det kan SFFK stille med folk på evt infomøte/rekrutteringsmøte for jentefotball. Det er naturstridig at det ikkje skal være mogeleg å rekruttere om lag like mange jenter som gutar også i Florø. SFFK kan og være behjelpelige med evt mediasaker (med positiv vinkling) om problematikken.
SFFK ønskjer rask tilbakemelding frå FSK på om kva klubben meinar om tiltak på dette området.
- 3. Samanslåing med Tempo FK
Klubbane har hatt konstruktive samtalar om samanslåing. Leiinga i begge klubbane er einige om at dette er naturleg og ein nødvendig prosess.
Det er viktig at begge klubbane legg ein strategi for korleis samanslåinga skal ”forankres” i begge klubbar. Saka må opp på årsmøtet i begge klubbane. Vedtaket frå begge klubbane sine årsmøter må være likelydande i forhold til korleis ein ny klubb skal organiserast.
For FSK sin del har fotballen ”luftet” saka med hovudstyret og dei er ikkje negative. Det som er viktig for FSK å avklare er kva som skal skje med sportsklubbens eigarinteresser i Idrettsenteret. Det er naturleg at fotballen i FSK tek med seg eigarinteresser tilsvarande størrelse og aktivitet inn i ein ny klubb. Tempo sitt i dag med 5% eigarinteresser i Idrettssenteret og denne vert med inn i ein ny klubb. Fotballen står i dag for over 2/3 av all leige av Idrettsenteret.
Dersom det skal søkast om opptak av ein ny klubb så må dette gjerast til NIF (SOFIK) innan 1. oktober. I forkant av denne datoen må diverse ting på plass:
- Navn
- Vedteker/sportsplan må på plass
- Draktfarge heime og borte
- Alle tall må på bordet for begge klubbane så budsjettarbeidet vert enklast mogeleg
- Akademiet må finne sin ”plass” i den nye klubben
- Avtale med FSK hovudstyret om bruk av klubbhuset
- Avtale med kommunen om bruk av anleggene
- Sponsorarbeidet må synkroniserast så ein står best mogeleg rusta foran 2012 sesongen
- Dialog mellom klubbane på tillitsmannsapparatet og trenarkabal
- Starte sonderingar om ein evt dagleg leiar for den nye klubben
———————————————————————————————————–






















