Mathias (18) vart historisk

SYMJING: Mathias Sørstrand Æsøy vart i helga den første symjaren i frå Florø Sportsklubb som tok medalje i eit senior NM. Junioren frå Florø vart berre slått av dei to OL symjarane Aleksander Dale Oen og Gard Kvale.

Mathias

Mathias

Sølvmedaljevinnar i frå OL, Alexander Dale Oen var den eine. NM grossist Gard Kvale som også var i OL i Beijing i fjor var den andre. Men det var ingen fleire som klarte å slå Mathias Sørstrand Æsøy på 100 meter medley under senior NM i Kristiansund søndag. Dermed var medaljen til FSK eit faktum.

Og det var dessutan ein respektlaus 18-åring som åpna likt med dei to Norgesprofilane i finalen.

– Eg låg likt med Dale Oen i forsøket, men var klar over at han sparte seg. I finalen opna eg likt med dei begge på første 50 meter, men då sprakk eg. Heldigvis klarte eg å halde dei bak meg unna på siste 50, seier Sørstrand Æsøy. Det var Gard Kvale som tok gullet på 100 meter medley.

18-åringen frå Florø fortel han no har fått blod på tann. No går han for nok ein medalje under langbane NM på Tøyenbadet i Oslo til sommaren

Din kommentar :